torsdag 27. oktober 2011

Nytt steg mot ph.d.

NOKUT fekk eit godt innblikk i ph.d.-arbeidet då dei gjesta LU-fakultetet.

Av Aksel Torsnes Mehlum, 
25.10.2011 15:27 

Mange hadde knytt stor spenning til institusjonsgjestinga frå NOKUT 20.–21. oktober, i samband med at Fakultet for lærarutdanning har søkt om akkreditering av ein ny ph.d.-grad i utdanningsvitskap for lærarutdanning.
Desse to dagane hadde delegasjonen frå NOKUT m.a. møte med fleire intervjupanel sett saman av personar med ulike koplingar til høgskolen, nemleg:
  • leiarar ved fakultetet og høgskolen
  • masterstudentar
  • stipendiatar
  • „avtakargrupper" (altså institusjonar som er aktuelle for uteksaminerte kandidatar)
  • TA-tilsette
  • UF-tilsette (sjå nedafor)
I intervjupanelet med UF-tilsette sat desse representantane:
  • Berit Bae, professor, FLU
  • Anders Breidlid, professor, IST
  • Jan-Erik Johansson, professor, FLU
  • Sigmund Ongstad, professor, GFU
  • Joron Pihl, professor, IST
  • Kaare Skagen, professor, GFU

Ein nøgd dekan

Dekan Knut Patrick Hanevik seier seg godt nøgd med gjestinga, og no ser han spent fram til den første responsen frå NOKUT, som er venta om om lag tre veker.
– Eg vil gjerne få rette ei stor takk til fagmiljøa, alle dei involverte i prosessen og ikkje minst alle som stilte i dei ulike panela, avsluttar Hanevik.

Klide: http://www.hioa.no/Aktuelle-saker/Nytt-steg-mot-ph.d



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar